Fotball

Fotball

 

Øystre Slidre/Rogne fotballgruppe har stor aktivitet med ca 250-300 aktive spelarar og gir eit fotballtilbod til alle frå det året dei fyller 6 år.

Alderstrinna har denne inndelinga: Knøtt (6-8 år),Mini (9-10 år),Lille (11-12 år) og Ungdomsfotball (13-16 år)

 

Styret i fotballgruppa skal, sammen med spelarar, trenarar, lagledere og foreldre skapa eit sosialt og trygt miljø der fotball er i fokus. Fotballgruppa følger Norges Fotballforbund sine retningslinjer for fotballaktivitet. Klubben er open for alle som har lyst til å spele fotball. Det blir lagt vekt på å ha eit godt sosialt miljø i trygge omgivelsar. Gode trenarar og lagledarar skal skape sunne vanar og gi gode haldningar, samt involvere og engasjere foreldra.

Fotballgruppa har ansvar for følgande arrangement:

 

- Beitostølen Cup (siste helga i januar).

- Kick Off / miniturnering på BHSS for alle lag i klubben (før påske).

- Knøtteturnering vekselsvis Storefoss/Rogne (1.helga i september).

- Fotballskule (tidleg i august).

- Treningssamlingar for heile klubben 1-2 ganger pr år. (vår-haust) gjerne med innleigde «kjende» trenarar.

Kontaktperson

Reidun Gudny Veflen

mobil: 918 18 848

fotball@rogne-il.no